Vista med unormalheiter, unulig å oppdatere

10 innlegg i emnet

Skrevet (endret)

Hei

Maskina

Eg kjøpte for to år sidan ei maskin med eit Asus P5QE hovudkort, Intel E8400 prosessor, fire gigabyte med hurtigminne, to ATI Shappire Radeon HD4870 512 megabyte skjermkort og ei 650 watts strøforsyning.

Til det kjøpte eg Windows Vista Ultimate, 64-bitar.

Tidlegare

Eg kjøpte delane ulike stader, og satte saman sjølv. Installerte ho, og ho fungerte som ho skulle. Etter ei tid merka var det ved enkelte oppstartar, vel og merka, at ein masser av program klikka. Starta eg ho då på nytt, fungerte det vanligvis, om ikkje, prøvde eg igjen, og ho var då som ho skulle.

Ho har stått utan bruk i om lag eit halvt år no, då eg skulle ta i bruk delane i eit sjølvbygd kabinett for å få betre kapasitet på den. Når eg skulle installere ho, hang installasjonen seg, ellers så var den ustabil etter oppstart, nekta gjerne å oppdatere(Windows Modules Installer klikka), og eg byrja frå byrjinga igjen. Eg prøvde både Vista utan SP og med SP1, ingen fungerte. På den 20. installasjonen, fikk eg den utan SP til å fungere. Eg fekk oppdatert ho, men det tok tid, og halvparten mislyktast kvar gong, men til slutt var alt oppdatert, heilt til eg kom til .NET rammeverket, 3.5 SP1. Då låste ho seg, men eg fekk det til med å lase ned frå veven.

Dagens problem

No er det ein ting som gjenstår, installeringa av SP1 og SP2 når den tid kjem. Problemet er berre, at ho nektar å installere SP1, eg får beskjed om å gå til denne sida: http://support.microsoft.com/kb/947366 og følgje stega der. Eg har lasta ned SP1 og forsøkt å installere, men får berre den feilkoden som sendar meg dit. På den vevsida, er det og eit verktøy for systemoppdaterings-beredskap, KB947821

Prøvar eg å oppdatere med Windows Update får eg opp at eg må kjøre diskkontroll og liknande, prøve frittståande installasjonprogram osv, noko som ikkje fungerar.

Har lasta ned, og forsøkt å installere, men det kjem opp at det oppsto ein ukjent feil.

Eg har køyrd diskkontroll av begge diskane, ikkje noko er gale med dei. Eg har ikkje mykje dill-dall som stel straum. Maskina er godt kjølt(rundt 30C* alle stader).

I tillegg har eg søkt etter svar på veven, men eg lyktast ikkje i noko av det eg har funnet. I og med at eg måtte installere ho 20 gonger før ho var noenlunde stabil, så har eg ikkje sånn direkte lyst til å installere ein gong til.

Denne installasjonen, som no fungerar med kvart, gir blåskjerm og liknande ofte enkelte gong, og delvis sjeldan. I tillegg er det registrert over 200 problemrapporter som er senda til Microsoft. Dei fleste feila gir den løysninga at eg må oppdatere.

Fins det nokon der ute, som har opplevd noko slikt, eller nokon med tips?

På førehand takk!

Endret av Petter Sandvik
0

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Skrevet

Sånn raskt:

Du har ikke mulighet for å låne deg en Windows 7-versjon noe sted, for å prøve den?

Kan jo være drivere som kan skape trøbbel hos deg.

Noen referanser til det området fra blåskjermene?

Minnedump-filer f.eks? :)

Ja, jeg har opplevd mye problemer med Vista, OG som har blitt løst ved å installere Windows 7.

(til de som er uenige med meg :P )

0

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Skrevet

Eg har to Windows 7, men begge er 32-bitars, å det går jo ikkje. I tillegg bor eg på ei nestan øde øy, så om eg skal prøve det må eg nesten bestille.

Kor finn eg desse filane frå blåskjermane? Eg veit det skal vera noko, men eg huskar ikkje det no. Tidlegare hadde eg problem med skjermkortane, men eg trur ikkje det er det no, sidan det ikkje kjem opp i problemarapport- og løysningssenter. Tidlegare kom det opp der. No kjem det for det meste at eg må oppdatere Windows, men problemet er jo at eg ikkje får til å oppdatere Windows.

Kanskje eg skal opprette ein patasjon, og prøve å installere der, ein gong til, via den halvfungerande installasjonen, slik at den hentar inn oppdateringar med ein gong. Skal prøve det.

Vista har i grunn fungert godt her heilt tilbake til 2006, og var ei etterlengta oppfrisking av XP frå mi side. Det er heldigvis berre denne gongen at eg har fått så mykje problem.

0

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Skrevet

Raskt svar:

Minnedumpfiler skal finnes under C:\Windows\minidump :)

Du har også Bluescreen-håndboken som Martin Aleksander har skrevet, den kan hjelpe deg langt på vei :)

0

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Skrevet (endret)

Det var ikkje muleg å installere på nytt, fekk berre feilmelding om at ikkje alle filene var kopiert. Eg var heldigvis så lur at eg for nokre år sida begynte å ta sikkerhetskopi, og å oppbevare alle filane på ein eigen disk.

Finn ikkje nokon minnedumper i den mappa.

Under installasjonen fekk eg den fyrste feilen i den håndboka, men det berre om et lasta inn installasjonen frå plata. Logga eg på Windows fyrst, fikk eg ikkje den feilen, men ein feil om at ikkje alle filane vart kopiert. Har søkt litt etter den, men finn ikkje noko som hjelp.

Feilen ved installering av den frittståande SP1 til Vista:

789.jpeg

Eg køyrde Crap Cleaner litt etter at ho var installert, kan eg då har gjort noko gale med registret? Ifølge den sida dei lenkjar til, http://support.microsoft.com/kb/947821 ska man installere dette verktøyet, men det gir ei anna feilmelding(legg ut når eg får den, det tar litt tid frå man startar dette verktøyet til feilen visast).

Endret av Petter Sandvik
0

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Skrevet

Du har ikke bare forsøkt å installere Vista helt på nytt? Formatere begge partisjoner, og legge inn fra scratch?

Om ikke det er noe issue, det har hjulpet en del og starte installering av SP 1 i sikkermodus. Den restarter selv i normal modus og fortsetter installeringen.

0

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Skrevet

Feil på hovedkortet kanskje? Da blir det mange rare uforklarlige feil, etter min erfaring.

0

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Skrevet (endret)

Prøver å installere på nytt nå, har kopla bort den eine disken. Ska òg sjå om eg klarar å få inn Ubuntu, sjer nestan ut som at eg klarar det.

Microsoft meinte det kunne vera maskinvara mi, eg håpar dei tek feil, men eg fryktar det er noko alvorleg no. Kanskje feil på lagringsdisken?

OPPDATERING: Det må vere lagringsdisken, Ubuntuinstallasjonen stoppa, eg fekk opp at den var utførd med suksess, men så kom det at installasjonen kræsja i same augeblikk.

Endret av Petter Sandvik
0

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Skrevet

Prøv å sett inn en helt ny harddisk å legg inn Windows 7. Om det er 32/64bit skal egentlig ikke ha noe og si, du mister jo bare bittelitt ytelse av rammen.

0

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Skrevet (endret)

Har bestilt disk, to. Så da får eg sjå i kveld om det hjelp, gjer det ikkje, må det vera hovudkortet, eller minnet vil eg tru som ikkje er seg sjølv.

Eg går ut frå et minnet skal stå i dei portane som er av lik farge, dvs. at eg brukar dei gule, eller dei svarte, og ikkje ein tå kvart.

Endret av Petter Sandvik
0

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!


Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.


Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive