Juventini

Medlemmer
  • Innholdsteller

    34
  • Ble med

  • Besøkte siden sist


Nettsamfunnsomdømme

3 ProPoeng

Om Juventini

  • Rang
    Nyansatt

Juventini sin aktivitet

  1. Juventini la til et innlegg i et emne 16. julenøtt 2014   

    ".. Og ikveld har je tenkt å ta medisterpølser i ribbefætt."
    "Du... skal itte vi hælle ta en slik en pizza Grandiosa?"
    "Alle elsker Grandiosa. Vi lik'æn for dæn har mest fyll og fordi den milde grandiosasmaken."

    Mange synest at Grandiosa er den minst egna på julafta. Likevel eter over 200 000 nordmenn Grandiosa på julafta. Kanskje nokon av ITPro's brukerar er ein av dei? Muligens. Eg synest, av heile mitt hjarte, at Grandiosa ikkje passar inn til jul. I julehøgtida skal vi, etter mitt skjønn, ete ribbe eller pinnekjøtt. Eg er frå vestlandet og eter sjølvsagt pinnekjøtt(fordi det er jo den klart beste retten av dei to ).

    Likevel, så føler eg med dei som ete Grandiosa på julaftan. I feel ya! Det å ha mange små barn, og eit lass av stresselementar i kvardagen gjer at menneske faller tilbake på enkle val. Grandiosa er eit enkelt, og godt valg. I tillegg er det ei "vane" å ete Grandiosa. Og det er heilt safe å servere Grandiosa på julafta for barn. Men, det er ein ting som overgår det meste av alt eg har høyrt i mitt liv. Det er ein ting som ikkje er humant akseptabelt å gjere:

    Det er å servere surkål, rødkål, lutefisk, salat, julepølser og kålrabistapp sammen med Grandiosa. Og Grandiosaen er "main dish".. Det... Eg kan akseptere at folk eter Grandiosa på julafta. Men når enkelte(eg nemnar ikkje namn på grunn av sikkerhetsmessige årsaker. PST kjem til å banke på døra di, Fredrik ********) prøvar å julifisere Grandiosaen, då tråkkar du over streken, gamle gode venn!!!
    • 0
  2. Juventini la til et innlegg i et emne 15. julenøtt 2014   

    Jepp, som nemnt i ingressen, forberedt meg til eksamen.
    • 0
  3. Juventini la til et innlegg i et emne 12. julenøtt 2014   

    Denne er enkel, men matlaging krevst.

    I morgon kan dykk varte opp med pommes frites i pausa på jobb, eller invitere han og nokon andre heim til deg/ein annan.

    Det du gjer er at du tar ei ketsjupflaske, tar ei spiseskei med bakepulver i den og ristar godt. Når han opnar ketsjupflaska seie det "BANG!!" og han får fullt av ketsjup over seg(det er ein moglegheit at gulvet blir bombadert av sinte tomatar også)! Kjempemorsomt for dykk, litt trist for han!
    • 0
  4. Juventini la til et innlegg i et emne 10. julenøtt 2014   

    Ein stor nisse er ein stor nisse, medan ein liten nisse er ein liten nisse. Altså, vesentleg forskjell i størrelse.
    • 0
  5. Juventini la til et innlegg i et emne 8. julenøtt 2014   

    Julefeiringa har ikkje tilpassa seg nettsamfunnet enda. Eg har enda å sjå ei felles julefeiring av 20 personar som skypar samtidig, med video, og feirar jul saman. Når dette skjer, då skal eg gladelig meddele at julefeiringa har tilpassa seg nettsamfunnet og vel så det.
    • 0
  6. Juventini la til et innlegg i et emne 7. julenøtt 2014   

    Det mange ikkje visste er at Nissen alltid har hatt med vin og kjeks i sleden sin på reisa jorda rundt. Noko må halde han våken og humørfrisk. I det siste har han fått kjeft av det politiske organet i Nisseverden fordi vin og kjeks har hatt ein altfor stor relasjon til den kristelege historia og Jesu' Kristus den allmektige, vår Fader. Det politiske organet NPJ, også kalt Nissenes Politiske Julegaveorgan, har sagt ifrå at Nissen må vere meir inkluderande i sin reise jorda rundt. Han må også avstå ifrå den kristelege religionen meir, sidan juletida ikkje berre skal handle om dei kristne, men også alle andre. Anten dei har ei annan tru, eller ikkje har noko tru i det heile tatt. Difor har han bytta ut vin og kjeks med Erdingerøl og Sørlandschips. Dette meir nøytrale kostholdet på ei reise rundt jordkloda vil ikkje kunne harme nokon. Tysk øl, og chips ifrå det norske sørland.. Ja, du finner ikkje noko meir religionsnøytralt enn det!
    • 0
  7. Juventini la til et innlegg i et emne 6. julenøtt 2014   

    Å få den perfekte julestemninga har vore ei nøtt som generasjonane før oss har prøvd å knekke ut. Forfedrane våra har jobba natt og dag i kvar desember månad i to tusen år for å finne det ut. For, korleis skal ein få den kjekkaste og viktigaste høgtida til å bli så kjekk og inkluderande som mulig?

    Vi har enno ikkje den perfekte oppskrifta på det, dessverre. Det er altfor mange som må feire jul åleine eller i depresjon. Men for oss som er så heldige å ha ein familie og nære vennar, så har vi muligens ei oppskrift på korleis ein lagar den rette julestemininga.

    Oppskrifta er ein avansert formel, og det er svært vanskeleg å utføre det. Mange har prøvd å uttrykke seg analytisk med dette, eller matematisk. Ein tok utgangspunkt i kundeverdiformelen, for ein såg samanheng med kor glade kundar blei etter kjøp av produkt, og korleis ein føler seg saman med andre i jula. Formelen lyder såleis:

    Kvalitet*Service / Kostnad*Tid. Kvalitet er kvalitetstid med familien, service er sjølvsagt kor god maten er og kor mykje smågodt du stappar i deg i desember. Kostnaden er kostnad på matvarer, osv ein kjøper inn. Tid er tid til julaftan. Ein såg nettopp at dess kortare tid det var til julaftan, dess gladare blei folk generelt. Dessverre er det for mange faktorar som spelar inn her, slik at dette blir ein svært diskutabel og situasjonsavhengig formel.

    Dermed har eg komt på ei oppskrift som iallfall har fungert for meg og mine. Det er ein sekspunktsoppskrift som er høgt diskutabel og det er mange kritiske røyster som er usamd med meg. Men den fungerar jo for meg, så då bør eg vel vere fornøgd? Oppskrifta er følgande:

    1. Saml familien ein dag nokre dagar før jul. VIKTIG: Ikkje overdriv med å gjere dette fleire vekar før julaftan!!
    2. Bak mykje sortar av julekaker i forkanten av dagen du og dine skal samlast. Du kan også bake same dag med nokon andre, spørst kor stort kjøkken du har. Dette er kanskje det beste. Det er kjempekjekt å bake julekaker med andre!!
    3. Kjøp inn gløgg og snacks.
    4. Pynt eit lite område med julepynt saman. Dette kan f.eks vere stova og kjøkkenet. Såleis får alle i huset ei julekjensle!
    5. Etter dykk er ferdig å pynte, så må dykk finne fram julekakene og gløggen! Sett det på stovebordet. Slå gjerne på tv'en og sett på ein julefilm.
    6. Når filmen er ferdig, så tar dykk fram brus og smågodt og spelar nokre spel. Hold det ordinært. "Keep it real". Alias er eit perfekt spel som lagar mykje latter rundt bordet. Å sjå ein annan film eller berre prate er like bra!

    Dette er min sekspunktsoppskrift for å få inn julestemninga før jul! Det er alltid ein suksess!
    • 0
  8. Juventini la til et innlegg i et emne 5. julenøtt 2014   

    Michael Jackson er laus i South Park, Colorado. Watch out!
    • 0
  9. Juventini la til et innlegg i et emne 4. julenøtt 2014   

    Det som varmar mest, med tanke på fysisk varme, må vere eksplosjonen av universet, eller "the big bang". Ellers er stjernene ganske varme.. Mors nybakte bollar brukar også å vere ganske varme, men om dei kan målast med dei to førstnemnde, det tvilar eg sterkt på...!

    Men, til nøtta! Det er tre element som er viktige her. Det er omtanke, sjenerøsitet og hyggelighet. Eit lite kompliment, eit "takk!" og "ha ein fin dag" er så enkle ting å seie, og det kan snu dagen på hovudet til ein person. Men det som varmar aller mest er at du veit at nokon bryr seg om deg. Det er så mykje ein kan gjere for å gjere ein annan person glad, og uansett kva det er, det er det som varmar aller mest. Som George Sand sa:

    "There is only one happiness in life, to love and be loved."
    • 1
  10. Juventini la til et innlegg i et emne 3. julenøtt 2014   

    Har ikkje aning. Men dei koste seg nok i den steikande varmen i Oman.
    • 0
  11. Juventini la til et innlegg i et emne 2. julenøtt 2014   

    Black Friday. Endelig har vi fått en konkret uoffisiell åpningsdag for jula i Noreg. ENDELIG. Det tok bortimot 14 år, men endelig har vi komt asjur med USA.

    På den meir seriøse sida, når julebrusa byrjar å bli solgt i oktober, då kan eg seie meg godt fornøgd med ein fantastisk start på jula.
    • 0
  12. Juventini la til et innlegg i et emne 1. julenøtt 2014   

    Endelig får eg bruk for min absolutte favorittfarge... khaki! Den "berømte" fargen som har eit snev av jordfarge/støvfarge er den fargen som ikkje passar inn i juletida, adventstida, påsketida, eller nokre andre høgtider. Pen er den ikkje, og noko relasjon til jul, Jesus eller advent har den heller ikkje!!
    • 0
  13. Juventini la til et innlegg i et emne 24. julenøtt 2013   

    Først vil eg takke dykk i redaksjonen for ein fantastisk opplading til julaftan. Jula, og julekjensla, er ikkje det same utan julenøttene på ITPro! Dykk har ikkje skuffa, heller tvert imot!

    Dei eg vil eg takke mest er sjølvsagt familien min. Søskena og foreldra mine som alltid er der for meg når eg treng det så mest. Foreldra mine som har gjett meg æra til å få eit liv på denne planet, og besteforeldrene mine som har gjett meg så mykje visdomsord og klokskap. Alle i familien har lært meg så mykje, og oppdratt meg på ein eksepsjonell måte som eg er evig takknemlig for. Hadde det ikkje vore for dei veit eg ikkje kvar i verda eg hadde vore no.

    Eg vil også takke nære og kjære som dessverre har gått bort. Kjærleiken og tankane vil alltid vere der for dei. Dei hyggjelege stundene vi delte saman og alt det morosame vi gjorde i lag vil huskast for alltid. Gud vere med dykk.

    Til slutt vil eg takke eit idol som alle har kjennskap til. Ein stor mann som har inspirert meg i stor grad. Ein mann som har endra eit land, ei verd. Han gjekk nettopp bort, eg snakkar sjølvsagt om Nelson Mandela. Det han gjorde for Sør-Afrika, mot apartheidregimet, har gjort eit så stort inntrykk på meg at eg nesten ikkje har ord. Det er ein mann som kjem til å hugsast - for alltid.

    Eg ynskjer alle på forumet ei riktig god jul. Eg vonar dykk får ei riktig god kvalitetstid saman med familien og kjære, eller at dykk får det godt på jobb for dei som måtte vere så uheldige i år. Riktig god jul og godt nyttår!
    • 0
  14. Juventini la til et innlegg i et emne 23. julenøtt 2013   

    I dag skal eg halde meg kort og konsis.

    ITPro har den feitaste, kulaste og mest diggbare julekalendaren av mange årsaker.

    Istadenfor eit enkelt spørsmål med eit openbart svar, for eksempel Detur sin "julenøtt" idag: "Kva for by ligg ikkje i Tyrkia: Alanya, Antalya, Bejing", så har dykk i redaksjonen laga ein julekalendar der det trengs kreativitet, intelligens, gode historiar og meget gode svar for å vinne ein veldig bra og nyttig premie. I tillegg slepp ein å like facebooksida for å delta!! Dykk skiller dykk ut på ein veldig positiv måte, dette er den mest morosame julekalenderen der er å delta i. Og dette er ein veldig sosial julekalendar i motsetning til alle dei andre. Kudos!!
    • 2
  15. Juventini la til et innlegg i et emne 22. julenøtt 2013   

    Den juleplagen, den einaste juleplagen vel og merke, eg kunne ha bytta ut måtte vere desse songane som blir sunget på TV og radio. Det er desse songane du aldri har høyrt om, og som nesten blir sunget akapella, med ein forferdelig fiolin i bakgrunnen. Men så blir det å kome med eit forslag til ein sommaraktivitet som kunne erstatta dette... I mitt tilfelle så kunne det vore footvolley! Det er ei blanding av sandvolleyball og fotball, det anbefalast!
    • 0