IT-Audun

Medlemmer
  • Innholdsteller

    6
  • Ble med

  • Besøkte siden sist


Nettsamfunnsomdømme

0 ProPoeng

Om IT-Audun

  • Rang
    Nyansatt

IT-Audun sin aktivitet

  1. IT-Audun la til et innlegg i et emne Spørsmål om nettverkstopologi   

    Ja det hadde våre fint, men det gjer ikkje desse svitsjane. Men dei er jo beregna som endepunkt-svitsjar, så dei får stå utan redundans. Trur eg skal finne ein måte å kople det på slik at det kun blir to lag (core->edge) for å minimere antal svitsj-hopp. Får gi jamt i redundansen, har betre ting å bruke pengar på enn å erstatte fungerande svitsjar.
    • 0
  2. IT-Audun la til et innlegg i et emne Spørsmål om nettverkstopologi   


    Hehe, det var akkurat det eg ville spørre om. Slik som eg ser det vil det i dette tilfelle bli loop, måtte berre høyre om der var ein smart måte å unngå dette på. Ei muligheit er sjølvsagt å ta vekk dei ekstra linkane til dei nederste svitsjane, men då blir det ingen redundans til endepunkta.
    • 0
  3. IT-Audun la til et innlegg i et emne Spørsmål om nettverkstopologi   

    Dette er ei kommune, og HP er langt frå drit. Det er perfekt til sitt formål i endeutstyr i alle fall, og dei er svært billege og driftssikre.

    Anyway, det eg prøver å oppnå er ei omstrukturering av eksisterande svitsjar for å frigjere og gruppere relaterte portar/VLAN. Tenkte i same slengen å få på plass redundans i kablinga, dersom dette var muleg med eksisterande utstyr. Det er berre å kome med andre forslag, situasjonen er slik:
    5 VLAN med serverar/klientar + eitt VLAN for gjestar
    Svitjsane som er disponible er på teikninga.
    Link mellom serverar og patchepanel består av 8 CAT6 ethernet linjer
    Står i dag 2 stk Symantec brannmurar:
    - 1 mellom Internett og innside
    - 1 mellom innside og superhemmeleg innside
    Desse skal byttast ut med CISCO ASA i nermaste framtid.
    Drøyt 100 XP-klientar på "hovudnett"
    Tynnklient/terminalservermiljø på superhemmeleg nett
    I tillegg to VLAN med om lag 80 klientar kvar på andre lokasjonar, medan serverar står på hovudlokasjon.

    Piu, det vart masse. Forslag?
    • 0
  4. IT-Audun la til et innlegg i et emne Spørsmål om nettverkstopologi   

    SP1:
    Er klar over at VLAN er eigne broadcastdomener, men sidan det er redundant kabling kan det vel bli broadcast storms? Dei fire øverste svitsjane støttar STP, men dei nederste, som vert kopla til klientar, er "dumme" og gjer det ikkje. Vil dette føre til at klientane mottek broadcast-pakkar minst 2 gonger, evt. pakkar i uendeleg loop?

    SP2:
    Godt poeng. Får ta stikkprøver etter kvart.

    SP3:
    Uplinken (mot internett) skal hektast på dei to øverste svitsjane for redundans. Her skal det komme en brannmur med VLAN-støtte, og to IF skal nyttast for redundans. Det er per i dag ikkje behov for brannmurar til andre lokasjonar, då vi nyttar dedikerte linjer som vi eig sjølve.
    • 0
  5. IT-Audun la til et emne i Generelt om nettverk   

    Spørsmål om nettverkstopologi
    Hei

    Driv for tida å ser på muligheiter for omkabling av sentrale svitsjar med det utstyret vi har til stades i dag. Har utarbeidd følgande modell:
    Nettverksmodell

    *Dei fire øverste svitsjane er managed
    *Dei fem nederste skal vera unmanaged

    Denne kablinga vil gi tilstrekkeleg redundans, men:
    Korleis blir det med broadcast trafikk?
    Kan det bli for mykje last på ein/fleire svitsjar?
    Korleis skal brannmuren med bla. internett aksess hektast på?
    Evt. andre problemstillingar?

    Takk på førehand for svar!
    • 8 svar
    • visninger
  6. IT-Audun la til et emne i Windows Server   

    Skrivebeskyttelse etter filmigrering
    Hei

    Eg har akkurat bytta ut ein 2000 domenekontroller/filserver med ein 2003 server. Overgangen har gått bra, bortsett frå eit problem: brukarane får ofte beskjed om at dokumentet er skrivebeskytta når dei skal lagre det i t.d. word. Det verkar som om ein annan prosess brukar dokumentet. Til migreringa brukte eg MS File Migration Tool. Forslag om kva som kan vera gale?
    • 2 svar
    • visninger