Cundion

Medlemmer
  • Innholdsteller

    313
  • Ble med

  • Besøkte siden sist


Alt skrevet av Cundion

  1. Cundion la til et emne i Kjøpshjelp   

    Bærbar PC frå Multicom
    Hei!

    Eg har lenge sett etter ein ny bærbar, og har etterkvart hamna på ein sjølvkonfigurert frå Multicom. PC-en skal brukast mykje til videoredigering, biletredigering, 3d-modellering og litt speling.

    Harddisken eg har tenkt å ta er ein HDD-SSD-hybrid med 750 gb HDD og 8 gb SSD. Er SSD-biten stor nok til operativsystemet, slik at oppstart o.l. vil gå kjappare enn ved ein rein HDD?

    Er grafikkort og prosessor tilstrekkeleg for arbeidsoppgavene eg har tenkt på?


    Dette vert isåfall mitt første kjøp på Multicom. Har nokon erfaring kvalitet og kundestøtte her? Av det eg har lese verkar det som om iallefall kvaliteten på Multicom sine eigne maskinar er svært bra, men hadde vore greitt å få det bekrefta.


    På førehand takk for svar!
    • 0 svar
    • visninger
  2. Cundion la til et innlegg i et emne [LØST] "Hvilemodus" eksisterer ikkje i Windows 7   

    Problemet løyste seg ved å lasta ned dedikert grafikkdrivar frå Nvidia, då drivarane frå Packard Bell og Intel ikkje fungerte.
    • 0
  3. Cundion la til et innlegg i et emne [LØST] "Hvilemodus" eksisterer ikkje i Windows 7   

    Denne er testa, og ingen feil vart funne... Det kan jo sjå ut som om det har noko med skjermkortdrivaren å gjera, men denne har eg reinstallert ei gong no.
    • 0
  4. Cundion la til et innlegg i et emne [LØST] "Hvilemodus" eksisterer ikkje i Windows 7   

    Desverre har eg ingen gjenopprettingspunkt for meir enn eit par dagar bak i tid...
    • 0
  5. Cundion la til et innlegg i et emne [LØST] "Hvilemodus" eksisterer ikkje i Windows 7   

    Takk for tipsa, men ingenting av dette fungerer.

    Eg prøvde kommandoen powercfg.exe /a, og fekk då opp følgjande:


    At maskinvaren ikkje støttar dette stemmer ikkje, då kvilemodus har fungert fram til nokså nyleg.
    • 0
  6. Cundion la til et emne i Windows   

    [LØST] "Hvilemodus" eksisterer ikkje i Windows 7
    Hei!

    Nokså nyleg forsvann "hvilemodus"-funksjonen på den bærbare pc-en min. Eg har ein Packard Bell EasyNote TS11 HR og køyrer Windows 7.

    Problemet oppstod først som at pc-en gjekk i dvalemodus i staden for kvilemodus då eg stengde lokket. Då eg undersøkte dette litt nermare, var alternativet "hvilemodus" heilt borte frå alternativ for straum i kontrollpanelet. Altså viss eg skal bestemma kva som skal skje når eg stenger lokket, er einaste alternativa "Avslutt" eller "Dvalemodus".

    Når eg går på startmenyen og trykkjer på pila til høgre for "Avslutt" får eg opp alle alternativa, inkludert "Hvilemodus", men denne er då farga grått og kan ikkje nyttast.


    Nokre idèar om kva som kan vera grunnen til problemet?



    På førehand takk for svar!
    • 7 svar
    • visninger
  7. Cundion la til et innlegg i et emne [LØST] Trådlaust "access point" mellom router og pc?   

    Beklager sein tilbakemelding, men eg fekk nettopp testa ut dette. Fungerte heilt fint, så tusen takk!
    • 0
  8. Cundion la til et emne i Grafikkort   

    [LØST] Butikk for å kjøpe skjermkort?
    Eg har ein eldre pc med eit hovedkort frå Asus, A7N8X-VM. På denne pc-en skulle eg hatt to skjermar, men sidan grafikkortet berre støttar ein skjerm treng eg altså noko nytt.

    I brukarmanualen sto det at hovedkortet har støtte for eit DVI-kort, AGP-NV-DVI. Eg har søkt litt rundt omkring, blandt anna på Asus sine nettsider, men finn ingen stader eg kan få kjøpt dette. Det er vel kanskje ikkje mogleg å få kjøpt?

    I tilfelle dette er umogleg å skaffa, hadde det gått an å kjøpt eit nytt skjermkort med støtte for to skjermar til dette hovedkortet, eller må isåfall heile hovedkortet nytt?

    På førehand takk for svar!
    • 4 svar
    • visninger
  9. Cundion la til et innlegg i et emne [LØST] Butikk for å kjøpe skjermkort?   

    Flott! Takk for hjelpa! =)
    • 0
  10. Cundion la til et innlegg i et emne [LØST] Butikk for å kjøpe skjermkort?   

    Så alle skjermkort med grensesnittet AGP vil passa til hovedkortet? Dette vil vel fungera saman med det ingegrerte skjermkortet?
    • 0
  11. Cundion la til et innlegg i et emne [LØST] Trådlaust "access point" mellom router og pc?   

    Modemet er eit Speedtouch 546T2, som eigentleg er ein router som eg bruker i bridge-modus til routeren.
    Routeren som er kopla til modemet er ein Jensen Air:Link 89300.
    Routeren eg ynskjer å bruka som "vidaresendar" eller "access point" frå Jensen-routeren er ein Belkin Wireless G Plus F5D7231-4.

    I menyen på sist-nemde har eg blant anna valget "Use as access point", men eg har ikkje funne heilt ut korleis eg bruker dette...
    • 0
  12. Cundion la til et emne i Generelt om nettverk   

    [LØST] Trådlaust "access point" mellom router og pc?
    Eg har eit tådlaust nettverk som består av ein trådlaus router kopla til eit vanleg modem. Sidan dette nettverket ikkje når rundt i heile huset, kunne eg derfor tenkt meg å bruka ein annan trådlaus router som eg har til access point, slik at resten av huset kan få nett.

    Altså, er det mogleg å bruka ein router til å ta imot trådlause signal frå ein annan router, for så å senda desse signala vidare til andre pc-ar i nettverket?

    På førehand takk for svar
    • 4 svar
    • visninger
  13. Cundion la til et innlegg i et emne Forbud mot fyrverkeri vedtatt   


    Du kjem nok fort til å endra denne meininga så snart som det er DU som får ein rakett i auga og vert blind for resten av livet...
    • 0
  14. Cundion la til et emne i Generelt om maskinvare   

    Skal kjøpa ny Laptop, studiebruk med stor harddisk
    Hei

    Skal altså kjøpa ein ny laptop, og det einaste kravet eg eigentleg har er at det må vera stor harddisk (minst 300 gb). Treng ikkje bra skjermkort, men hadde vore greitt om høgtalarane er brukbare. Prisen må helst ikkje overstiga 6000.

    Såg på denne blandt anna: https://www.mamoz.no/mamozv3/default.asp?pa....009&bhcp=1

    Som sagt skal han brukas til skule, men må helst ha stor plass og greie høgtalarar.

    Ser denne grei ut, eventuelt andre tips? =)

    På førehand tusen takk for svar!
    • 1 svar
    • visninger
  15. Cundion la til et innlegg i et emne Pc'n er nesten ødelagt!   

    Var ikkje dokumenta dine så viktige altså?

    Viss du vil få dei att etter å ha formatert kan du prøva nokre av desse programma: http://itpro.no/download.php?op=viewsdownload&sid=123
    • 0
  16. Cundion la til et innlegg i et emne Pc'n er nesten ødelagt!   

    Viss du har ein ekstern harddisk så er det truleg lettare å legga dokumenta dine over på denne

    Viss det no skulle skje at du ikkje greier å kopiera filene dine før pc-en klikkar heilt, sjå denne guiden. (den treng du ein ekstern harddisk til)
    • 0
  17. Cundion la til et innlegg i et emne [LØST] Kan ikkje starta Windows, redda ut data?   

    Eg ville berre opplysa om at det no ligg ein guide på itpro som forklarar alt det eg har sagt her: http://itpro.no/art/13318.html
    • 0
  18. Cundion la til et innlegg i et emne Spesiell plassering av reklame (med en SMULE humor)   

    Hahahaha, eg ler!
    • 0
  19. Cundion la til et innlegg i et emne Hva synes du om UFO-artiklene på ITpro?   

    Eg såg lysskipet Ingen andre?
    • 0
  20. Cundion la til et innlegg i et emne Hva synes du om UFO-artiklene på ITpro?   

    Eg tykkjer eigentleg desse alternative artiklane er interessante, men forstår jo at ein del ikkje liker dei. Det kan jo faktisk verta litt for mykje av det gode av og til, no offense Men eg støtter forslaget til metallguden!
    • 0
  21. Cundion la til et innlegg i et emne [LØST] Kan ikkje starta Windows, redda ut data?   

    Sjølv om tråden er gammal har eg hatt god nytte av svara her i nyare tid og Eg lurer på om eg burde laga ein guide til dette, i og med at eg har støytt på mange ulike problem med dette som eg omsider har fått løyst... Det med windows-plata er foresten så og seie ubrukeleg no for tida, då dei aller fleste pcar vert leverde anten med recovery-cd eller recovery-partisjon
    • 0
  22. Cundion la til et innlegg i et emne Ny pc-avtale i vidaregåande skule   

    Det er eit ark... Me får ikkje subsidiert nokon ting nei.

    Vetle: Nei, det er du ikkje Skal prøva å endra til ein sitat-boks...
    • 0
  23. Cundion la til et innlegg i et emne Ny pc-avtale i vidaregåande skule   

    For å klargjera, mange av oss har private pc-ar som me har kjøpt utanom fylkeskommunen. Nokre har og pc-ar som dei HAR kjøpt gjennom fylkeskommunen.

    No er det jo slik at me har påbod om å ha pc med internett på skulen, med andre ord må isåfall skulen gi oss eigne pc-ar viss me ikkje skriv under. Det har dei sjølvsagt ikkje råd til...

    For å setja heile greia litt på spissen: Så lenge skulen ikkje har rett på innsyn i innhaldet, kan dei vel ikkje oppdaga eventuelt piratkopiert materiale uansett? Så då går det meir på moralen? Om me er villige til å skriva under på ein avtale som me isåfall bryt. Men har eg altså rett i at dei ikkje har lov til å sjekka gjennom for å finna eventuelt slik programvare?

    Stefan: Nei, men veldig nerme Går på Sandnes VGS

    Enixitan: Hehe, gidd ikkje endra på det no Skal hugsa det til ei anna gong
    • 0
  24. Cundion la til et innlegg i et emne Ny pc-avtale i vidaregåande skule   

    Her er altså ei oppdatering:

    Intensjonen med avtalen er at elevens pc ikke skal kunne brukes til utilsiktet kommunikasjon på prøver/eksamen. Vår intensjon er ikke at vi skal kontrollere filene som eleven har på pc-en.Alle maskiner som tas med på skolen, og som benytter skolens nettverk, plikter å ikke ha noe installert eller lagret som bryter norsk lov. Det er dette det henvises til i avsnittet som omhandler piratkopiert/skadelig/ulovlig programvare, samt ulovlig nedlasting og bruk av bilder, mobbing mm.Alle elever som benytter egen pc på skolen, plikter å undertegne avtalen. Elever som ikke undertegner avtalen vil bli fratatt muligheten til å bruke skolens nettverk med egen pc.Siste frist for innlevering av undertegnet avtale er fredag 5. september.

    Sjølvsagt er det lite truleg at skulen faktisk sjekkar innhaldet, men likevel er eg litt skeptisk til å skriva under... Nokre smarte innspel anyone?
    • 0
  25. Cundion la til et innlegg i et emne Ny pc-avtale i vidaregåande skule   

    Hehe, er alt igang Let tråden stå open ei lita stund til i tilfelle nokon har fleire innspel eller spørsmål...
    • 0