enixitan

Medlemmer
  • Innholdsteller

    2 111
  • Ble med

  • Besøkte siden sist


Alt skrevet av enixitan

  1. enixitan la til et innlegg i et emne Sette opp Domeneshop-domene til å forwarde samtlige forespørsler til en dynamisk IP   

    Som eksempel, domenet ditt er eksempel.net og No-IP-kontoen er eksempel.no-ip.org.

    Kan du ikkje setje www-forward (det er vel det Domeneshop kallar det) til eksempel.no-ip.org? Fungerar ting dersom du går til eksempel.no-ip.org?

    Den "rette" måten å gjere dette på ville vere å setje opp din eigen DNS-server, til å handtere eksempel.net. Men det er kanskje ikkje det du ynskjer.
    • 0
  2. enixitan la til et innlegg i et emne Byttet uxtheme.dll - svart oppstartsskjerm!   

    Finn uxtheme.dll i C:\Windows\system32\uxtheme.dll, høgreklikk den, vel Egenskaper/Properties, sjå på Sikkerhet/Security-fanearket. I lista øverst kan du merke ulike objekt for å sjå kva for tilgang dei har (i boksen nederst).

    Merk at eg her forklarar det for Windows XP, og veit ikkje om Vista er annleis.
    • 0
  3. enixitan la til et innlegg i et emne [LØST] Problemer Med Harddiskene   


    Har du ein diskettstasjon? Kobla du til straumen på den igjen?

    Det ser ut til at den stoppar pga. den ikkje finn diskettstasjon (floppy). Du kan prøve å gå inn i BIOS (sjekk kva for knapp du må bruke), bla gjennom alle alternativ, og slå av alt som har med floppy å gjere (eg har ein mistanke om at Floppy boot seek (det heiter det i Award BIOS i alle fall) er syndaren, slå den av).
    • 0
  4. enixitan la til et innlegg i et emne [LØST] Kompilere Linux Kildekode?   

    Kva du vil oppnå går ikkje tydeleg fram her.

    Vil du:
    - Lage din eigen Linux-distribusjon?
    - Tilpasse Linux-kjerna til distribusjonen du brukar?

    Dersom det er det første vil eg råde deg til å starte med Linux From Scratch, som er ei bok for å lære å bygge ein distribusjon.

    Dersom det er det andre, fortel kva for distribusjon du brukar, så får du nok betre svar.
    • 0
  5. enixitan la til et innlegg i et emne Byttet uxtheme.dll - svart oppstartsskjerm!   

    Sjekk kven som har kva for tilgang til uxtheme.dll (Security-faneark, e.l., eg brukar XP). Som ein test kan du prøve å gje Alle/Everyone full tilgang, og starte på nytt og sjå om det hjelper. Eg har hatt nokre liknande problem med XP, der var det tilgangsfeil (kun administratorgruppa hadde tilgang). Alle må ha lesetilgang til denne fila.
    • 0
  6. enixitan la til et innlegg i et emne Noen som vil lage webside (for free)?   

    Men ein dugnad er ofte til det felles beste (t.d. ein ny parkeringsplass, som eit tilfeldig eksempel). Dette derimot, er kun til ditt beste, og ditt aleine. Eg har ein bror som er tømrar, men eg trur ikkje han bygger eit heilt hus for meg gratis, bare fordi han tykkjer det er gøy.

    Alt dette er ting som bør kunne ordne seg svært enkelt med eit CMS, eg er mest kjend med Drupal, og kan seie at det kan gjere jobben med svært få tilleggsmodular (tillegg du kan laste ned frå drupal.org). Eg trur du kan klare det med bare kjernemodulane og Views (for å lage brukarliste).
    • 0
  7. enixitan la til et innlegg i et emne Dårlig Internett hastighet på PS3   

    Køyrer du nyaste firmware på PS3-en (2.60, om eg ikkje hugsar feil, men sjekk med System Update)? Prøv å oppdatere først, om du ikkje køyrer siste.

    Brukar du andre maskiner på det trådlause nettverket? Fungerar dei som dei skal?
    • 0
  8. enixitan la til et innlegg i et emne Uninett syk fart.   

    Det å anta noko om andre ut frå eit grunnleggjande trekk som alder vert kalla fordommar. Eg kan gå med på at dette ikkje er den største aldersgruppa med djup datakompetanse, med det finst unntak i alle retningar.

    Kvifor må han kunne noko som helst om BitTorrent? Det er det same om du brukar HTTP, FTP, BitTorrent eller Gopher om du vil, slik lovverket er i Noreg i dag er (u)lvoleg materiale (u)lovleg, uansett teknologi. Og skilnaden på lovleg og ulovleg kan dei fleste her i landet.
    • 0
  9. enixitan la til et innlegg i et emne [LØST] Problem med installasjon av XAMPP   

    Trykk Start, gå til Kjør (eller skriv i søkefeltet om du brukar Vista), skriv cmd, trykk Enter, skriv netstat -ab. Sjekk om du ser :http nedover lista ein stad. Under det står det namnet på eit program - kva for eit?

    Om du ikkje finn :http i lista, er det eit anna problem, men prøv dette først, eg har tru på det.
    • 0
  10. enixitan la til et innlegg i et emne Hvordan lage sin egen nettavis?   

    Kan du seie noko om kva som ikkje er bra nok? Det gjer det enklare å finne noko når du fortel kva du faktisk vil ha.
    • 0
  11. enixitan la til et innlegg i et emne Hvordan lage sin egen nettavis?   

    Du kan jo sjå på t.d. ProsePoint. Dette er ein distribusjon basert på Drupal, som er særskild retta mot nettaviser. Du finn òg ein demonstrasjon av ProsePoint på demo.prosepoint.org.
    • 0
  12. enixitan la til et innlegg i et emne Hva er det "hotteste" å lære seg?   

    AJAX står for Asynchronous JavaScript and XML, så JavaScript er ein del av AJAX. Og det vil nok lønne seg å lære AJAX, som medfører at du må lære JavaScript.
    • 0
  13. enixitan la til et innlegg i et emne [LØST] Hvilket design syntes du passer best?   

    Nr. 1 for min del. Nr. 2 tykkjer eg var retro-aktig, og eg likte ikkje fargebruken på nr. 3. For sistnevnte trur eg det ville hjelpe å gjere raudfargen litt mørkare, og gjere sideområdet litt breiare (ser at nr. 2 og 3 er like breie, men sidan nr. 3 er høgare virkar denne meir samantrykt, og breidda vert dermed viktigare).

    I Opera ser det ut som om nr. 1 har ein feil:



    Eller skal "Seneste scripts" ligge så høgt? Det ser betre ut om linja mellom svart og kvitt møter linja til høgre, mellom grått og kvitt. Eg trur òg det kan vere lurt å skilje hovudmeny og undermeny tydelegare, med ulik bakgrunnsfarge, og gjerne eit pilsymbol, slik at ein ser kva for hovudmenyelement ein er under, og om det er fleire underelement til eit element.
    • 0
  14. enixitan la til et innlegg i et emne Dvd spiller BRENT opp.   

    Du bør absolutt kreve reperasjon eller ny spelar. Ein DVD-spelar er eit produkt som definitivt er meint å vare lenger enn to år frå kjøpsdato, så dersom den er under fem år gamal bør ein reklamasjon gå utan problem. Dette er, som J.T. nevner, ein produksjonsfeil, og dermed har du krav på reklamasjon.
    • 0
  15. enixitan la til et innlegg i et emne ADSL+Mobilt bredbånd   

    Jo, teoretisk. Dersom du skriv ein manuell rutetabell slik at nokon av dine faste nettsider/adresser du vitjar går via mobilt breiband, og resten går via den vanlege linja, vil du i teorien få "raskare internett". Men det er veldig lite praktisk på lang sikt.
    • 0
  16. enixitan la til et innlegg i et emne TPB - en katalysator for nye distribusjonsmetoder?   

    Ja. I staden for å gje platebransjen høve til å framstille alle som piratkopierar som nokon skumle kriminelle mafiafolk kan me med rette framstille dei som bakstreverske, når dei ynskjer å halde på den råtne gamle CD-modellen sin.

    Eg er sikker på at det finst ein song som har 100 millionar nedlastingar, sjølv om eg ikkje har tittelen brukar eg den som eksempel. 100 millionar lastar ned ein song. Dersom me ser for oss at ingen av dei 100 millionane hadde kjøpt songen dersom det var umogleg å skaffe den piratkopiert, trur du verkeleg ikkje det hadde ført til ei forandring?
    • 0
  17. enixitan la til et innlegg i et emne TPB - en katalysator for nye distribusjonsmetoder?   


    Og kva så? Fordi alle andre gjer det, kan du òg?

    Dersom eg må prioritere pengebruken min kan eg t.d. velje å ikkje kjøpe sjokolade for å spare pengar. Då får eg ikkje sjokolade. Kvifor skal du spare pengar på å ikkje kjøpe musikk, men likevel ha musikk? Fordi det går an, seier du. Men når du ikkje kan forsvare piratkopiering, kvifor piratkopierar du likevel?

    Eg er einig i at prisane i dag er for høge, men eg står ved mitt: betring skjer gjennom endring av reglane, ikkje ved å bryte dei.
    • 0
  18. enixitan la til et innlegg i et emne TPB - en katalysator for nye distribusjonsmetoder?   

    Nei, det er ikkje brot på opphavsretten dersom du kan vise til at det er eit opptak kringkasta i eit offentleg medium. Eg trur derimot ikkje du kan distribuere det som du vil, det er eg usikker på. Men merk at du kan ikkje laste ned ein song fordi den har gått på radio, det må vere radioopptaket du høyrer på.

    Velle Nordeng: Det er heller ikkje noko problem å køyre i 150 km/t i ei 30-sone, så lenge du faktisk ikkje køyrer på nokon. Du har ikkje påført skade på nokon.

    Eg vil gjerne stille deg eit spørsmål: Kvifor har du rett til å skaffe deg og høyre på musikken du vil, sjølv om du ikkje har råd til den? OK, to spørsmål: er du einig i at du bryt loven når du lastar ned eit opphavsrettsverna verk?
    • 0
  19. enixitan la til et innlegg i et emne TPB - en katalysator for nye distribusjonsmetoder?   

    Folk meiner dei har rett til å laste ned fordi det er ein protest mot bransjen? I staden for å bruke 2 timar på å sjå ein piratkopiert film, bruk dei to timane til å skrive eit brev til filmselskapet om kva du meiner er gale med distribusjonsmodellen deira (og for å vere seriøs, ikkje ta TPB-stilen). Gjer det til 3 filmar (dei fleste ser langt fleire enn det i løpet av eit år), og du har 6 timar. På den tida rekk du fint å utforme eit standardbrev du kan sende til alle filmselskap for å klage, det er bare å bytte ut namnet på selskapet. Send protestbrev, mas når du ikkje får svar, spre brev og svar utover nettet, la alle vite korleis du vil at ting skal vere, og vis at du jobbar for det. Det kallar eg ein protest.

    Bare for gøy, endre eksempelet til eit spel, som me kan rekne at har, la oss seie, 20 timar speletid. På den tida rekk du å organisere og gjennomføre eit protesttog.

    Poenget mitt er at betring skjer ikkje gjennom å bryte lovar og reglar. Det skjer gjennom endring av nevnte lovar og reglar - det meiner i alle fall eg. Eg skal ikkje påstå at eg gjer alt dette til punkt og prikke, men eg har heller aldri hevda at eg, gjennom ytringsfridomen, har rett til å skaffe meg alt eg kan gratis (for å setje det på spissen).



    Eg forsvarar ikkje nedlasting blindt, men tillet meg å svare på desse likevel.

    Den som har opphavsretten til eit verk bør ikkje få regulere distribusjonen ned til minste detalj så lenge det er snakk om distribusjon i allmenne kanalar. Skal eg bare få lov til å legge inn ein CD eg har kjøpt på min Sony MP3-spelar eller Sony Ericsson Walkman-telefon (merk: kun Walkman-serien, du må nemleg kjøpe musikktelefon for å ha musikk på den!), men ikkje på min Creative MP3-spelar? Får ikkje eg lov til å høyre på min kjøpte musikk på bussen, fordi sidemannen kanskje høyrer på musikken min utan å ha betalt for den? Kva om Ikea og Tine allierar seg, og du bare får lov til å drikke Tines mjølk frå originale Ikea-glas?

    Ytringsfridomen til ein artist er å kunne synge akkurat det artisten vil. Å regulere distribusjonen som artisten sjølv vil er handlingsfridom, og det er ikkje det same i mine auge.

    Oppsummering av mi meining: piratnedlasting er ikkje vegen å gå for å oppnå endringa ein ynskjer, men det tyder ikkje at bransjen skal hindre forbrukarar i å bruke kjøpt vare slik dei vil. Om eg vil legge inn CD-en eg har kjøpt på MP3-spelaren min skal eg ha lov til det, og det skal ikkje vere noko hindring i vegen for det. Akkurat som at det er mitt val om eg vil drikke mjølka eg har kjøpt, eller bruke den i sjokoladekake. Så langt ligg piratane langt foran bransjen, både når ein ser på utval og valfridom, og på pris. Sistnevnte er det vanskeleg å utkonkurrere piratane på, men det første er ikkje noko problem - om bransjen bare vil.

    Mine meiningar, og bare for å vere jævleg kostar det 10 kr dersom du ynskjer å sitere det eg har skrive i innlegget (sitatet frå kjelle392 er unnteke, då dette er hans/hennar verk). Det er restriksjonane eg legg på distribusjonen av innlegget mitt.
    • 0
  20. enixitan la til et innlegg i et emne Server/ruter software   

    Om du brukar kabla kort eller trådlause kort i serveren spelar inga rolle - dei gjev deg begge eit lokalnettverk. I dei aller fleste distribusjonar som handterar fleire nettverkskort vil dei to vere isolerte nettverk som standard, og du kan slå dei saman til eitt nettverk dersom du vil det (noko du ikkje vil, slik eg forstår det). For å gjere det enkelt for deg sjølv når du kjem så langt vil eg råde deg til å bruke to heilt forskjellige IP-adresseområde på dei to nettverka, t.d. 192.168.1.0/24 på ditt, og 10.10.10.0/24 på hybelnettverket. Du må ikkje (men du kan ikkje bruke same adresseområde), men det gjer det enklare å halde styr på dei når du skal konfigurere ting.

    Dersom du har to ruterar med trådlaust aksesspunkt vil eg råde deg til å bruke dei framfor trådlause kort. Trådlause kort er laga for å vere klientar, medan trådlause aksesspunkt er laga for å vere nettopp det, aksesspunkt. Eg har prøvd å bruke eit trådlaust kort i ein ruter-PC, det virka, men var korkje kjapt eller stabilt - sjølv med bare éi maskin tilkobla. Det var eit kort med brikkesettet Ralink RT2500, andre kort kan vere betre, drivaren kan òg vere viktig. Du kan som sagt prøve, men ha i tankane kva det du brukar er laga for å vere.

    -Edit-

    Dersom du ikkje får ClarkConnect, eBox eller andre du finn til å virke, kan du sjå på pfSense. Det er i utgangspunktet ein rein ruterdistribusjon, men du kan installere pakka FreeNAS, som støttar m.a. Windows-fildeling. Eg veit ikkje kva for mediasenter du brukar, men dersom det kan hente data frå Windows-ressursar skal det vere godt nok. Eg har sjølv brukt pfSense (men ikkje med FreeNAS), og den fungerar fint, det går òg fint å ha fleire nettverkskort med den, både trådlause og kabla.

    Andre distribusjonar du kan sjå på, som kanskje fyller dine behov (ut frå det eg kjenner til, eg har ikkje prøvd dei sjølv), er t.d. Amahi Linux Home Server og SME Server.
    • 0
  21. enixitan la til et innlegg i et emne Server/ruter software   

    Du seier du skal ha to ruterar ut frå serveren. Tenker du å bruke rutingfunksjonen på desse, eller bare bruke dei som svitsj (og trådlause aksesspunkt)? Eg skal ikkje seie det er umogleg, men Windows-fildeling gjennom ein ruter har eg ein mistanke om at kan vere problematisk, fordi eg har inntrykk av at den ikkje er laga for det. Andre som har prøvd det i praksis må gjerne rette på meg.

    Eg ville bare brukt ruterar som svitsjar, og la serveren ta seg av all ruting mellom nettverk. Det skal gå fint å isolere dei to nettverka frå kvarandre (vel å merke dersom du faktisk får til eit multi-LAN-oppsett), slik at hybelmaskinene ikkje får tilgang til dine maskiner, og omvendt. I tillegg unngår du eit ekstra nettverkshopp (i staden for maskin-ruter-server-internett vert det bare maskin-server-internett), og reduserar overhead. Dersom du skal opne portar til maskiner på ditt nettverk eller hybelnettverk må du òg gjere dette på både serveren og den aktuelle ruteren, og når du har ein konfigurasjonsfeil ein stad er ruteren eit ekstra ledd du må sjekke, dersom du vel å bruke ruterfunksjonen.
    • 0
  22. enixitan la til et innlegg i et emne Server/ruter software   

    Eg vil påpeike at du gjev éi viktig maskin veldig mange oppgåver - med tanke på tryggleik skal ein brannmur helst bare vere ein brannmur, for å unngå at inntrengarar kan utnytte veikskapar i t.d. printserveren som køyrer på brannmuren. No er dette rett nok ikkje snakk om noko stort firmanettverk, så du må sjølv vurdere kor kritisk du tykkjer nettverket ditt er.

    Eg har ikkje testa nokon av dei to sjølv, men eg veit at ClarkConnect er svært populær, så eg trur nok den gjer det den skal. Det du kanskje vil oppleve er vanskar med å setje opp to separate LAN (eit til deg, eit til hyblane). Mange slike distribusjonar (særleg dei som skal vere lette å bruke) legg ikkje enkelt til rette for slike oppsett, då dette ikkje er eit typisk scenario i eit heimenettverk. Det tyder ikkje at det er umogleg, men at det kanskje ikkje bare er pek-og-klikk. Eg oppfordrar deg til å prøve, då finn du fort ut om dette er noko for deg. Du kan jo prøve dei i t.d. VirtualBox, så kan du sjå i web-grensesnittet om du kan setje opp fleire lokalnettverk (hugs å gje den virtuelle maskina nok nettverkskort).
    • 0
  23. enixitan la til et innlegg i et emne [LØST] Lage iso av dvd   

    Dersom sluttresultatet skal vere ei ISO-fil ville eg brukt DVDFab HD Decrypter - gratis og enkelt.
    • 0
  24. enixitan la til et innlegg i et emne CMS valg for tegneserie/art side m/nettbutikk   

    Du kan òg vurdere Drupal.

    - Du kan bruke Ubercart til nettbutikk, dette er ein sjølvstendig butikk. Vil du integrere osCommerce kan du bruke osCommerce-modulen
    - Views, CCK og Image skulle vere det du treng for å lage galleri og portefølje
    - Den innebygde taksonomi-modulen tek seg av merking av innhald
    - Dersom du ynskjer å gå for Drupal kan du bruke Zen som grunnlag for design på nettsida di, "just add CSS"

    Det kan òg vere det finst ferdige modular som får deg fortare i gang. Views og CCK er hjørnesteinar i Drupal, to verktøykasser som gjer deg i stand til å lage ulike innhaldstyper (CCK) og visningar (Views) for innhaldet ditt. Du kan kanskje kome fortare i mål med ein ferdig modul til ditt bruk, men å lage noko sjølv med Views og CCK er lærerikt, og det du har laga er langt meir fleksibelt enn eit ferdig oppsett. Du lærer òg korleis du enkelt kan forandre på andre visningar, slik at du får vist ting akkurat slik du vil. Men det krev som nevnt tid på å kome i gang, så det er ikkje last-opp-og-ferdig.
    • 0
  25. enixitan la til et emne i Generelt om maskinvare   

    Maskin slår seg av etter små slag
    I det siste har PC-en min slått seg av dersom den får eit lite slag i sida eller toppen. Ikkje nødvendigvis eit målretta slag, men bare eg snurrar litt på stolen og kjem borti den med kneet, slår den seg rett av. For å slå den på igjen må eg først ta ut kabelen frå veggen (eller PC-en), før eg kan slå den på igjen. Då virkar den heilt normalt til neste gong det skjer - det er ikkje snakk om noko ustabilitet. Eg treng heller ikkje fikse noko inne i PC-en, så det er vel lite sannsynleg at det er lause kontaktar, i og med at det virkar heilt fint etterpå.

    Eg kan òg nevne at dette kun skjer dersom metallet i kabinettet får eit slag. Eg kan slå alt eg orkar på plexi-glaset på den eine sida.

    Kva for maskinvare kan vere årsak til dette? Kan det vere ei vernemekanisme, eller er det ein feil?

    PSU: Hiper Type-R 580W
    Hovudkort: Gigabyte GA-K8NXP-SLI

    Eg har sjølvsagt litt anna maskinvare i den, men eg reknar med ein av desse to er syndaren.

    Takk for meiningsfylte svar.
    • 2 svar
    • visninger