Me har seks topologiar innan nettverk: Bussnettverk, stjernenettverk, ringnettverk, meshnettverk, forgreiningsnettverk (tree-topology) og hybridnettverk. Her får du ein oversikt over tre av dei vanlegaste.
Dei tre vanlegaste topologiane me har innan nettverk er buss-, stjerne- og ringnettverk.
Denne figuren er teikna med inspirasjon frå Wikipedia

Bussnettverk
Eit bussnettverk består av ein koaksial-kabel som det vert kobla datamaskiner på. Eit bussnettverk må ha ein terminator i endane fordi elles vil data verte sendt fram og tilbake i kabelen og sørgje for at ingen andre kan sende data i kabelen. For å kunne koble ei datamaskin frå dette nettverket er det nødvendig å sette på ein terminator på ledningen du kobla i frå (i tillegg til alle ledningar som ikkje fører nokon plass), elles vil ikkje nettverket vere operativt. I bussnettverk kan berre ein einheit sende data om gongen, dette fører til at nettverket vert treigt dersom det er mange einheiter/datamaskiner i det.

Ringnettverk
Ringnettverket er slik at data vert sendt frå datamaskin til datamaskin i éin ring der nodane/datamaskinene i kvar ende er kobla saman slik at det dannar ein ring .Signala vert forsterka på kvar datamaskin dei er innom og sendt vidare til neste datamaskin. Ei ulempa ved dette nettverket er at om ei maskin ikkje verkar, går det utover heile nettverket fordi alle maskinene er involvert i sending av data.

Stjernenettverk
Stjernetopologien er den mest brukte i dag, i dette nettverket er alle datamaskinene kopla til ein sentral node i form av ein switch eller hub, deretter kjem alle einheitane som er tilkobla noden. Ulempa med denne topologien er at det vert nytta mykje kabel. I tillegg til dette vil heile nettverket vere nede, fordelen er at dersom kabelen til ein av datamaskinene er ødelagt eller fråkobla, skjer ingenting med operativiteten til nettverket.

Meshnettverk
Meshnettverket er eit nettverk som ”reparerar” seg sjølv gjennom alternative ruter når ein node/datamaskin dett ut, på denne måten finn netteverket den mest effektive måten å nå fram til den faste tilkoblinga til stamnettet. Dette nettverket har alltid kontakt med minst meir enn éin node.
