Ta backup frå krasja operativsystem

Ta backup frå krasja operativsystem

Kor mange gonger har ein vel ikkje opplevd det. Windows streikar, og du vert nøydd til å formatera pc-en for å fiksa dette. Problemet er berre det at alle filene dine ligg på pc-en og desse vil du ikkje mista.

Kva kan du vel gjera? Første du tenkjer er vel å betala for ein backup i ein verkstad eller liknande. Men dette kostar pengar, og det fins mykje billigare og enklare måtar å løysa dette på.

Ubuntu Live CD

Metoden eg skal forklara no er i alle fall den lettaste eg har vore borti. Det første du gjer er å lasta ned Ubuntu Live CD. Dette er ein Linux-versjon som du kan lasta ned å brenna ut på ein cd. Fila er ei .iso-fil, altså kan brennast på cd med program som Nero.

Oftast er det nok å berre opna .iso-fila som du har lasta ned for å få opp brenne-programmet. Dette må jo sjølvsagt gjerast på ein annan pc, då pc-en med krasja Windows ikkje er i stand til noko slikt.

Boot på CD

Når du er ferdig med dette startar du opp den krasja pc-en med Live-CD’en (det er altså CD-en som du har brunne). Som oftast høyrer du til å få eit spørsmål om du vil starta opp frå cd-en: “Press any key to boot from CD”.

Dette skal du altså gjera, og for dei som ikkje er klar over det, tyder altså “press any key” at du kan trykkja på kva tast som helst.

Konfigurere boot i BIOS

I nokre tilfelle vil du ikkje få dette spørsmålet, og pc-en vil gå rett til og prøva på å starta Windows (noko som sjølvsagt ikkje går). Viss dette hender må du endra oppstart-rekkjefølgen i BIOS. Det vil seia at du endrar oppstartssystemet til pc-en, slik at pc-en sjekkar gjennom til dømes CD-rom FØR harddisk.

Dette gjer du slik: Når du startar opp PC-en får du opp eit bilete der det ofte står noko slikt som “Press X to enter setup” eller “Press X to enter BIOS”. X er tasten du skal trykka på, og er ofte Delete eller F2. Trykk på denne knappen mange gonger, heilt til du får opp ein blå skjerm med mange innstillingar på.

Bruk piltastane til å navigera deg til fana som heiter “BOOT“. Her hører du til å kunna velga “1st Boot Device“, “2nd Boot Device” osv. Endra rekkefølgen på desse slik at du til dømes har diskettstasjonen på 1st, dvd-stasjonen på 2nd og harddisken på 3rd.

Det er sjølvsagt ikkje sikkert du har diskettstasjon, og då vel du jo DVD-stasjonen på første. Forklaringane på tastar som skal brukast står til høgre, men det meste seier seg sjølve. Du brukar piltastane til å velja 1st, 2nd eller 3rd. Så trykkjer du enter, og får opp eit lite vindauge der du kan velja stasjonen du vil bruka. DVD-stasjonen kan heita mykje forskjellig , men har alltid DVD i namnet. Diskettstasjonen har alltid FLOPPY i namnet.

Når du har lagt til rett rekkefølgje trykkjer du knappen for “Save and EXIT“, som er F10. Eg er ikkje sikker på om dette er heilt likt på alle pc-ar, men det står alltid ei liste over kva tastar som skal brukast, og systemet er oversikteleg og lett å finna ut av.

Ubuntu-oppstart

Når du har trykt på “any key” for å starta opp frå Live-CD’en, må du velja kva språk du vil ha. Når du har valt dette (med piltastane), trykkjer du Enter. For å gjera det lett kan du berre velja Engelsk. Etter dette får du opp ei liste med fleire val.

Du skal velja det øvste, “Try Ubuntu without any change on your computer“. Her kan du berre trykkja Enter. No skal Ubuntu starta å lasta, noko som tek litt tid.

Ekstern disk eller minnepenn

For å henta ut filene dine, treng du no ein ekstern harddisk eller ein minnepenn, alt etter kor mykje du skal ha. Når du har kopla til denne i USB-porten, trykkjer du på knappen “Places” på den øvste verktøylinja på skrivebordet.

Her er blant anna dei diverse harddiskane lista opp, der dei ofte står som “X GB Media”. X står for kor mykje plass du har på disken, til dømes 160: “160 GB Media” (andre gonger heiter disken berre det namnet han har i Windows). Her opnar du den eksterne disken som du skal kopiera filene TIL, og den interne disken som du skal kopiera filene FRÅ.

Vindauga som no opnar liknar veldig mykje på Windows Utforsker, så det skal ikkje vera noko stort problem å finna fram til filene du skal kopiera for så å lima dei inn på den andre.

Feilmeldinger

Nokre gonger får du opp ei feilmelding når du skal gå innpå disken, “Unable to mount volume”. Dette er fordi du ikkje har brukt “Trygg fjerning av maskinvare” i Windows. Viss det er den eksterne disken som får dette problemet, er det berre å kopla denne i ein Windows-PC først, for så å bruka “Trygg fjerning av maskinvare”.

Viss det er den interne er det verre, då du ikkje kjem innpå Windows i det heile. I så fall må du “fiksa” disken før du kan opna han. Først må du trykkja på “Details” i feilmeldinga. Heilt nedst her står det “/dev/sdaX” ein stad (sjå raud firkant i bilete), der X står for eit tal. Dette kan til dømes vera “dev/sda2″.

Når du har sett kva tal dette er, går du på “Applications” som ligg heilt til høgre på den øvre verktøylinja på skrivebordet. Her trykkjer du “Accessories“, og så “Terminal“.

I vindauget du no får opp skriv du inn følgjande (utan hermeteikn): “sudo ntfsfix /dev/sdaX“, og trykkjer Enter.

X er altså talet som du såg i feilmeldinga. No skal du kunna opna disken utan problem. Dette gjeld sjølvsagt alltid når du får ei slik feilmelding. Det finst ingen garantiar for at du ikkje mistar data ved å gjera dette, men eg har aldri opplevd noko slikt sjølve.

Eg må og seia at eg har aldri prøvd dette med ein disk med FAT-filsystem, så eg er ikkje sikker på det verkar med ein slik. Det er mogleg du kan endra kommandoen til “sudo fatfisx /dev/sdaX”, men dette er på eigen risiko.

Avslutte sikkerhetskopiering

Når du er ferdig med dette, er det berre å høgreklikka på ikonet som ligg på skrivebordet og velja “Unmount volume“. Så kan du kopla frå disken, og filene dine ligg trygt lagra på disken.

Lukke til med gjenopprettinga!